Margrethe og Håvard
August 2, 2025Eg var så heldig å få vere med Margrethe og Håvard på deira store dag. For eit drøymebryllaup! Sol dagen lang, vakre omgjevnader, fantastisk stemning og eit nydeleg par. Vielsen fann stad på eit svaberg på Haugland i Fjaler. Vidare fylgde båttur på Flekkefjorden og Dalsfjorden med bruda sin far som kaptein på si sjarmerande vesle skøyte, Ternen. Middagen og festen var på Jakob Sande-tunet og i løa på Klokkargarden i Dale i Sunnfjord. Å velje kun 20 bilete frå denne dagen og kvelden var utfordrande.
Til lukke som mann og kone Margrethe og Håvard. ❤️